Cifra Club

Hymne til kjærleiken

Morten Harket

Ainda não temos a cifra desta música.

Om eg taler med
mennesketunger og engletunger,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande
malm eller ei klingande bjølle.

Om eg har profetgåve og
kjenner alle løyndomar
og eig all kunnskap,
og om eg har all tru,
så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik,
då er eg ingen ting.

Om eg gjev alt eg
eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv
til å brennast,
men ikkje har kjærleik,
då gagnar det meg ingen ting.

Kjærleiken er langmodig,
kjærleiken er velviljug,
han misunner ikkje,
briskar seg ikkje,
blæs seg ikkje opp.

Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg,
han søkjer ikkje sitt eige,
harmast ikkje,
gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.

Alt held han ut,
alt trur han,
alt vonar han,
alt toler han.

Kjærleiken fell aldri bort.

Profetgåvene skal få ende,
tungene skal tagna,
og kunnskapen skal ta slutt.

For vi skjønar stykkevis
og talar profetisk stykkevis.
Men når det fullkomne kjem,
skal det som er stykkevis,
få ende.

Då eg var barn,
tala eg som eit barn,
tenkte eg som eit barn,
dømde eg som eit barn.

Men då eg vart mann,
la eg av det barnslege.

No ser vi som i ein spegel,
i ei gåte;
men då skal eg kjenna fullt ut,
liksom eg fullt ut er kjend av Gud.
Så vert dei verande desse tre:
tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

Outros vídeos desta música

    Afinação da cifra

    Afinador online

    0 comentários

    Ver todos os comentários

    Entre para o Cifra Club PRO

    Tenha acesso a benefícios exclusivos no App e no Site

    • Chega de anúncios

    • Badges exclusivas

    • Mais recursos no app do Afinador

    • Atendimento Prioritário

    • Aumente seu limite de lista

    • Ajude a produzir mais conteúdo

    Cifra Club Pro

    Aproveite o Cifra Club com benefícios exclusivos e sem anúncios
    Cifra Club Pro
    Aproveite o Cifra Club com benefícios exclusivos e sem anúncios
    OK